|
|
|
Når ein startar nedanfra, er dette ein lang tur. Dersom utgangspunktet er fra Storevatnet, som forøvrig er eit ypperleg utgangspunkt for fleire turar, tek turen opp omlag 2 timar. Etter omlag 1 time må ein forsere ein hammar. Ein fyl Storevatnets østside fram på den vide flata rett syd for vatnet. Herifrå går ein over elva og opp til demninga ved Andrevatnet som ligg 794 m.o.h. Om vassføringa ikkje er for stor, kan ein lett spasere over demninga til andre sida av elva. Herifrå finn ein råsa som går forbi ein stor stein like ovanfor. No er det lett å gå opp over dei lange fjell-ryggane opp mot sjølve foten av fjellet. Oppover den bratte sida går det fleire naturlege renner som det er lett å gå på. Midt oppe i sida er det ein liten hammar som må forserast. Her finst det sikkert fleire forseringsmåtar, men den enklaste finn ein litt på venstre sida av hammaren. Når denne er passert, går det fort til topps. Tungremtindane består av fleire små tindar som står på rekke og rad bortetter. Frå den nordlegaste, som ligg litt lavare enn dei andre, ser ein rett ned i Riksheimdalen. Meget luftig topp! Dei som tek denne vegen om denne toppen, vil få oppleve nokre av dei luftigaste tindane vi har på Råna-halvoslash;ya. På veg ned att bør ein vise varsemd når ein skal gå ned att den beskrevne hammaren. Hugs: Det er alltid lettare å gå opp enn ned. Sikrast er ein om ein legg at ein gjenstand som ein kan finne att når ein går ned att slik at ein går same vegen ned som opp.
|